BU GODT OG RIMELIG PÅ

ALMAAS HOTELL STORD

Me har som mål å gje deg eit topp opphald så rimeleg som råd er. Me tilbyr hotellrom og opphaldsrom av god standard samt eit velfylt frukostbord og ein kveldsbuffé utan tillegg i prisen.

Almaas Hotell Stord ligg sentralt i Leirvik, Stord. Det aller meste når du ved ein kort spasertur. Stord er ein triveleg liten by på Vestlandet, midt mellom Bergen og Haugesund. Her er det korte avstandar mellom jobb, skule, barnehage og fritidstilbod. Kommunikasjonen til Bergen, Haugesund og Stavanger er god – enten du reiser med hurtigbåt, buss eller ferje og bil. Stord er eit levande bysamfunn med kort veg til naturen.

GYM, Visste du at me har treningsrom?

Totalt har me 38 rom av ulik storleik og med ulikt interiør. Felles for alle er at dei har god standard med koselege møblar og fargar. Me legg vekt på at det skal vera reint og fint på romma. Det synest me gjestene våre fortener.

Mange av gjestane våre er på Stord fordi dei har ein jobb å gjera. Difor vil me gje alle ein best mogeleg start på dagen. Kveldsbuffé får du også utan å betala meir.

Ta gjerne kontakt med oss om det er noko du lurer på. Me står alltid klar til å hjelpe!

Lik oss på facebook  

VÅRE HOTELLROM

VELKOMEN TIL OSS VIDEO