STORD OG NÆROMRÅDET

Stord er ein triveleg liten by på Vestlandet, midt mellom Bergen og Haugesund. Her er det korte avstandar mellom jobb, skule, barnehage og fritidstilbod. Kommunikasjonen til Bergen, Haugesund og Stavanger er god – enten du reiser med hurtigbåt eller ferje og bil.

 

Regionalt sentrum

Leirvik, med ni tusen innbyggjarar, er det regionale sentrum i Sunnhordlandsregionen. Den andre tettstaden i Stord kommune er det stadig veksande Sagvåg med 5 000 innbyggjarar. Sjølve Stord kommune, som ligg på sørsida av øya Stord, har 19000 innbyggjarar 2. kvartal 2022. På nordsida av øya ligg Fitjar med cirka 3 200 innbyggjarar.

  • Regionhovudstaden vår, Leirvik, er ein vaksen småby med ei yrande gågate, Borggata. Stord har alle dei tilboda som høyrer med til ein by. Her ligg Stord sjukehus og Stord lufthamn.
  • Stord er også eit senter for opplæring og utdanning. Her er vidaregåande skular og høgskule. Høgskulen Stord/Haugesund tilbyr lærarutdanning, ingeniørutdanning og sjukepleiarutdanning. Hovudadministrasjonen til høgskulen er lagt til Rommetveit nord for Leirvik.

Meir informasjon om distriktet: Visit Sunnhordland.

Nabokommunane til Stord

Stord kommune ligg sentralt til i Sunnhordland, i Hordaland fylke. Øya Stord er delt i to kommunar: Stord og Fitjar. I aust ligg kommunane Kvinnherad og Tysnes, og i sør ligg Sveio. Bømlo er grannekommunen vår i vest.

Stord er tilknytta fastlandet og Bømlo gjennom trekantsambandet (bruer og tunnel)

  • Verdas største nynorskkommune
  • Senter for leverandørretta oljeindustri i Norge. Større verksemder er Kværner Stord AS, Wärtsilä AS og Apply Leirvik.
  • Regionsenter i Sunnhordland. Sunnhordlandsregionen har ca 60 000 innbyggjarar fordelt på 7 kommunar.
  • Høgskulesenter – Høgskulen Stord/Haugesund.
  • Sjukehus – Stord sjukehus.
  • Flyplass – Stord lufthamn.
  • Kommunesenter: Leirvik.
  • Areal: 144 kvadratkilometer.
  • Folkeltal: 19000.
  • Arbeidsplassar: 9700.
  •  Tenesteyting privat/off.: 63 %, industri, bygg/anl.: 36 %, primærnæringar: 1 %
  • HØYESTE FJELL Mehammarsåta (749 moh.)

TURFORSLAG

Sunnhordland basenget er eit eldorado for utflukter med bil eller til fots. Her er nokre forslag på våre mest populære mål.

HER FINNER DU TURKART.

Sjekk lenker for vandring i sunnhordland her.

Kva med ein sykkeltur? Me har og syklar for leige.

Ein tur til ein av våre mange fjelltoppar kan anbefalast på det varmaste. Kattnakken eller Stovegolvet på Stord, Siggjo på Bømlo. Fjellturar til fantastiske utsiktspunkt, og til spanande geologiske område.

Ta turen i Landåsen (meir her), eit skogsområde like ved hotellet. Her opplever du Stord sine flotte skogar og vatn. Godt oppmerka stiar og lysløype.

Hystadmarkjo (meir her) er eit værna område like nord/aust for Leirvik. Her går du på ein smal natursti i værna område langs vår vakre skjærgård.

Biltur til Brandasund (nord på Bømlo) er noko alle må ha opplevd. Kombiner turen med å besøke Mosterhavngamlekyrkja og mosteramfi. Kyrkja på Moster er blant dei eldste steinkyrkjene i landet. Den vart bygd som hovedkyrkje for Hordaland, og i den første kristningstida var dette ei av få kyrkjer i fylket. Kyrkja er frå 1100-talet. 

Her er nokre fleire kart for både bil- og fotturar i Sunnhordland:
Biltur til Fitjar eller Bømlofottur på Fitjar, ein tur i Landåsen eller i Hystadmarko , Gruveområde på Litlabø, til fjells på Heio og KattenakkenSiggjoBrandasundsåto.

LINKAR


Her finn du ei samling som kan være aktuelle i samband med di vitjing på Stord.

Kommunikasjon

Flyplass

Samarbeidspartner

Informasjon

Utflukter

  • Brandasund Bømlo 42,7 km
  • Mosterhavn 19,0 km
  • Siggjo 15,2 km
  • Gullgruvene på Lykling 32 km
  • Fitjar 26,9
  • Utslettefjellet 9,6 km
  • Kattnakken 15,4 km

Kino / Teater

Kongressenter

Selskapslokaler

Overnatting

Pub – Bar

Landemerke

  • Aker Stord 1,2 km
  • Kattnakken 15,4 km
  • Stord Kyrkje 2,1 km
  • Trekantsambandet 8,1 km

Shoppingområde

Festivalar

Museum

Nyhende

Restaurantar

Aktivitetar

Været på Leirvik, Stord